|
|
Velkomen til Stryn Skisenter Lengst inn i Nordfjord, 4 km frå Stryn sentrum, ligg Stryn Skisenter. Vi har to t-krok-heisar som tek deg frå 325 moh til nærare 1000 moh!! Stryn Skisenter er av dei meste snøsikre skisenter på Vestlandet.
Totalt kan vi tilby 12 km preparerte nedfartar, og park med enkle rails og hopp deler av sesongen. I det barnevenlege området lengst nede finn ein både knøttetrekk og juniortrekk, samt akebakke og ulike aktivitetar.
I samband med parkeringsplassen ligg varmestove med enkel matservering, sal av heiskort, skiutleige og sanitærfasilitetar.
Like ved anlegget ligg eit godt utbygd langrennsløypenett med opptil 40 km preparerte spor. 2 km i langrennssporet, samt nedre del av alpinbakken har flombelysning.
Stryn Skisenter er også eit perfekt utgangspunkt for toppturar!
Vi har tilbod som passar for alle!!
Sjå løypekartet her !!!
| | | | |
|
|
|
|