Om du køyrer slalom, telemark eller snowboard, kan Stryn Skisenter tilby noko for einkvar smak. Løypenettet har etterkvart blitt godt utbygd, og med den nye Steindalsheisen kan du kome deg til nærare 1000 moh. Totalt har vi 12 km preparerte nedfartar.
Lengst nede ved varmestova finn du eit barnevenleg område med to tautrekk.
Knøttetrekket (A) er eit ca 70 m langt tautrekk som passar for dei aller minste og dei urøynde.
Juniortrekket (B) er ca 100 m langt og har ein noko brattare trasè.
Gamleheisen (C) er 1200 m lang og tek deg frå 325 til 680 moh. Frå toppen har du 3 ulike trasèval.
Hovedtrasèen (1) går rett ned i same retning som heistrasèen. Vanskegrad raud - middels.
Nakkjen (2) går slakt vestover frå toppen, rundt Nakkjen og hyttene på Bøanedsetra, og møter rundløypa i siste halvdel. Vanskegrad blå - lett.
Rundløypa (3) startar med første bakken i hovedrasèen, går så slakt vestover gjennom hyttefeltet på Bøanedsetra, for så å svinge søraustover og ned mot varmestova. Siste del av løypa går rett bak det nye hyttefeltet. Vanskegrad blå - lett.
Steindalsheisen (D) er 1400 m lang og tek deg frå 657 til nærare 1000 moh. Når alle trasèane er preparerte i Steindalen har du også her 3 alternative nedfartar.
Vestsida (4) går som namnet tilseier på vestsida av heisen, og i noko lunde same retning som heistrasèen, men i ein lite bue midt på. Vanskegrad raud - middels.
Bubergtrasèen (5) går frå toppen og søraustover mot Bubergskaret, for så å dreie vestover igjen mot startpunktet på heisen. Vanskegrad raud - middels.
Steindalstrasèen (6) går også på austsida av heisen, men meir i retning rett ned mot startpunktet på heisen. Vanskegrad raud - middels, men med ein kort, svart bakke midt i.
Dersom du treng skiinstruktør, kan dette organiserast på 1 dags varsel. Prisen er kr 400,- pr time for 1 person. Dersom de er fleire er prisen kr 200,- pr time for deltakar nr 2, 3 osv.
Sjå løypekartet her !!!
|